Kjelda

Kjelda er ein sprudlande, halvturr sider av Aroma og Elstar. Den er fruktig og aromatisk og smakar best avkjølt og delt med gode folk.

  • 75 cl

  • 8 % alkohol

  • Tilsett CO2

  • Inneheld sulfitt

  • I dufta frå Kjelda vil du kjenne eit hint av grøne eple og vårblomar. Smaken har god intensitet, med innslag av jordbær og honningmelon. Sideren er syrefrisk og balansert med ein ettersmak i retning grapefrukt.

  • Her skjer det mykje med smaken! Kjelda er ein elegant og slank sider med noko skallsnerp mot slutten. Ein ypperleg matsider som går særs godt saman med sushi, salta og grilla mat og modne ostar.

  • Våren kjem tidleg til den sørvende fruktgarden Grønsnes. Det næringsrike jordsmonnet med forvitra, kaliumrike bergartar gjev ideelle veksttilhøve.

    Raud Aroma har vore ein hovudsort i Grønsnes sidan 80-talet. Frukta er framifrå aromatisk, med friskt og sprøtt fruktkjøt. Aroma kjem opphaveleg frå Sverige og er ein av dei viktigaste eplesortane vi har.

    Elstar kjem frå Nederland og er eit eple med god sødme. Denne trivst særleg godt på sørvende plassar, ikkje for høgt over havet. Elstar blir hausta i slutten av oktober, like før frosten kjem, og er lett å lagra.

Draumen

Draumen er ein perlande, halvturr sider av Gravenstein. Den har mineralsk preg og ei djup smaksoppleving som gjer seg særs godt over ein god samtale.

  • 75 cl

  • 8 % alkohol

  • Tilsett CO2

  • Inneheld sulfitt

  • Draumen duftar intenst av honning og vanilje. Smaken er fyldig med innslag av grønt eple og fersken. Ein fruktig sider med god balanse og sitrus i avrundinga.

    Då vi planla oppstarten av sideriet, hadde ikkje tenkt å lansere to ulike sidertypar fyrste året. Men då vi smakte på den reine Gravensteinsideren, syns vi den var så god at vi ikkje turde å blande den med andre typar! Vi bestemte oss for å behalde den reine smaken av Gravenstein - og slik blei altså Draumen til.

  • Sjølv om smaken er djup, er Draumen likevel ein frisk og fruktdriven sider. Den passar godt til fisk, skalldyr, vegetarmat og lettare kjøtrettar. Den fungerar utmerka som erstatning for Riesling, og står seg godt på eiga hand, som ein akkurat passe frekk apéritif.

  • Gravestein går aldri av moten, og det er det gode grunnar til. Balansen mellom sødme og syre i desse epla gir ein framifrå most og sider.

    Dei to fyrste trea av eplesorten Gravenstein kom frå Danmark til Hardanger i 1792. Ingen andre eplesortar har så lenge hatt ei så høg stjerne både blant dyrkarar og kjøparar. Frukta er stor med gul grunnfarge, fast og saftig fruktkjøtt med syrleg smak.

Bruk av alkohol kan gje ulike skadevirkningar.
Meir informasjon finn du her.